Home


Entreprenør Tonny Tufte AS starta som et enkeltpersonforetak i 1997 og har sidan utvikla seg til ei passe stor bedrift med allsidig kompetanse. Heilt siden starten har kvalitet, effektivitet og det ferdige produktet vore i fokus. Ettersom etterspurnaden har auka har fleire dyktige og erfarne folk blitt med på laget. Me er i dag 18 ansatte som tar alt av oppdrag innanfor grunnarbeid. Me utfører arbeid av høg kvalitet, enten det er graving, boring, sprengning, riving eller transport. Me har ein særleg lidenskap for muring i naturstein. 

Profesjonalitet og fornøgde kunder


Me gjennomfører mange spennande prosjekt, hovudsakleg i Bergensområdet, men også andre stader i landet. Me tar små og store oppdrag for både bedrifter og private kunder. Profesjonalitet i arbeidet er svært viktig for oss. Målet vårt er at kunden skal være fornøgd med sluttresultatet og at kvaliteten er på topp!


Miljøbevisst

Å ta omsyn til miljøet er ei viktig målsetning for oss. Derfor bruker me nytt og moderne utstyr. Kjøretøya våre skal ha nye og reine motorar, og me byter ut bilparken kvart 3. år. 



Telefon97501147

Allsidige tenester

Me har erfaring med grunnarbeid for både byggefelt, bustadkompleks, tomannsbustad og einebustad, og utfører alt av riving, sprenging, planering og grøftearbeid. Me har erfaring med arbeid i uvanleg tilkomst. Maskinparken vår er moderne og tilpassa dei fleste oppdrag. Me utfører alle slags oppdrag innanfor muring i naturstein, til dømes langs motorveg og rundt tunnelportalar, i tillegg til private bustadtomter. Etter ønske legg me gjerne inn detaljer som innfelling for postkassestativ og lysetting.



Materiale frå naturen

Altaskifer er eit slitesterkt naturmateriale danna av ver og vind gjennom millionar av år. Å henta skiferen ut frå fjellet krev mykje erfaring og stor varsemd. Til gjengjeld får du eit av dei hardaste byggemateriala som fins. I tillegg til å ha ei lang historie som byggemateriale i Noreg, er skiferen også ettertrakta i utlandet. Materialet har eit svært allsidig bruksområde, og du kan sjå det i bruk på til dømes hustak, jernbanestasjonar og strandpromenadar rundt om i verda.


Me reiser sjølv opp til Alta for få laste båten med stein, for å sikre kvaliteten frå steinbrot til sluttprodukt. 


Ta gjerne kontakt på telefon, epost eller følg oss på sosiale medier.