Om oss

Eg starta som eit enkeltpersonføretak i 1997, og har sidan den tid opparbeida mykje erfaring. Det viktigaste for meg har alltid vore kvalitet, effektivitet og sluttprodukt. Dette har vist seg og vera ein formel som fungerar utmerket. Og eg har sidan 2007 utvida jamt og trutt ettersom etterspørselen har økt. Eg har fått med med dyktige og erfarne folk, som alle bidrar til å øka den samla erfaringen i firmaet. Me er idag blitt eit passe stort selskap, med 4 lastebilsjåførar og 7 maskinførara. Me driv med alt innan grunnarbeid; graving, boring, sprengning, riving, transport og med ei ekstra lidenskap for natursteinsmuring.

Me har eit eget lager for naturstein av beste kvalitet, levert direkte frå Alta. Eg eller ein av mine ansatte er sjølv oppe og lastar båten med stein, for å sikre kvaliteten frå steinbrudd til sluttprodukt.
Det viktigaste for oss alle, er at kunden er nøgd med sluttprodukt og at kvaliteten er på topp.
Me håpar du vil vurdere oss til ditt neste prosjekt.

Mvh
Tonny Tufte
Dagleg leiar